This job has Expired

Kvalitetskonsulent – Forbrukerrådet

Mechanical engineering and mechanics Kvalitetskonsulent

(9 months ago)

  • Norge, Oslo
  •  Post Date: 26. September 2019
  •  Expire date: 14. October 2019
Job Description

Published 26 Sep 2019 14:59:01
Deadline: Unknown






Forbrukerrådet

Fred Olsens gt 1
0152 OSLO
Telefon: 996 93 724
E-post: line.nois@forbrukerradet.no Web: https://eskjema.forbrukerradet.no/skjema/FRA0024/

Forbrukerrådet er en uavhengig interesseorganisasjon som bistår forbrukerne og påvirker myndigheter og næringsliv i en forbrukervennlig retning. Vi har kontor i Oslo, Skien, Stavanger, Tromsø og på Svalbard.

Til sammen er vi ca. 140 medarbeidere. Vår visjon er: <>. Les mer på forbrukerrådet.no

Er du opptatt av test og kvalitet?

Vi søkjer ein kvalitetssikrar med samfunnsøkonomisk bakgrunn til dei digitale tenestene våre.

Som test- og kvalitetsressurs i Forbrukarrådet blir du med på å sikre at vi leverer kvalitet i alle ledd. Du får det daglege ansvaret for kvalitetssikring heile vegen frå datainnsamling til ferdige tenester som forbrukarane kan dra nytte av. Dine tilrådingar på korleis vi skal jobbe med kvalitetssikring vil forme forbrukarane si oppleving av tenestene våre, og dessutan arbeidskvardagen din og vår.

Du vil mellom anna arbeide med tenestene Strømpris og Hvakostertannlegen og blir del av team Digitale tenester i avdelinga Kommunikasjon og digitale tenester. Teamet er ansvarleg for Forbrukarrådets digitale samanlikningsverktøy i ulike marknader, og vidare generell digital utvikling i Forbrukarrådet. Du vil delta i sentrale prosjekt, og jobbe i smidige team og på tvers av fag- og kompetanseområde. Stillinga er fast og rapporterer til leiar for Digitale tenester.

Forbrukarrådet sin visjon er <<å gi forbrukarane makt og moglegheit til å ta gode val>>, og som tilsett hos oss, blir du ein del av eit engasjert og forbrukarorientert fagmiljø som deler kunnskap og jobbar tett saman mot visjonen. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du vil få viktige oppgåver med mykje ansvar.

Tek du utfordringa?

Hovudarbeidsoppgåvene dine og ansvarsområdet vil vere å:

· kvalitetssikre leverandør- og produktdata

· analyse for å bidra med innsikt til forbetring av tenestene

· funksjonell testing i tenestene

· innrapportere og følgje opp feil

· halde vedlike og vidareutvikle dagens kvalitetssystem, metodikk og prosess

· svare på førespurnader frå leverandørar og forbrukarar

· bistå i kravspesifisering og kravanalyse

· medverke – og delta i utviklingsprosjekt

· medverke til kontinuerleg kvalitetsarbeid innan ulike område av digitale tenester

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga.

Vi ser etter deg som er:

· nøyaktig og strukturert, og som liker å jobbe med detaljar

· ansvarsmedviten og med gode samarbeidsevner

· opptatt av god kvalitet og har erfaring med funksjonell test og arbeid med datakvalitet

· glad i å jobbe saman med andre og har erfaring frå produktutvikling i smidige og tverrfaglege team

· kursa i ISTQB og ønskjer å utvikle deg innan test-faget

· interessert i straum eller tannhelse, erfaring frå desse marknadene er ein sterk fordel

· trygg med norsk og engelsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg

· ferdig utdanna frå høgskule eller universitet med fag innan samfunnsøkonomi, minimum mastergrad, og har god teknisk forståing. Vi legg vekt på at du er personleg skikka til arbeidet

Vi tilbyr

· ei fast stilling der du får moglegheita til å jobbe med samfunnsaktuelle hjartesaker

· lønn som rådgivar (stillingskode 1434) med årslønn kr. 456 400 – 552 800, avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

· gode ordningar for pensjon, lån og forsikring i Statens pensjonskasse

· fleksibel arbeidstid og betalt overtid

· subsidiert trening

· god lunsjordning

· moderne lokale i Oslo sentrum med eit triveleg fagmiljø fylt av engasjerte kollegaer

Mangfald i Forbrukarrådet

Forbrukarrådet jobbar for alle forbrukarar i Noreg og ønskjer derfor at våre tilsette skal representere mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor spesielt personar med innvandrarbakgrunn og personar med funksjonshemming til å søkje.

Offentleggjering av søkjarliste

Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjarar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren ber om å bli anonymisert på den offentlege søkjarlista, jf. offentleglova § 25.

Kontakt oss

Spørsmål om stillinga skal rettast til leiar for Digitale tenester, Line Nøis, tlf. 996 93 724, eller e-post line.nois@forbrukerradet.no.

Søk her innan17. oktober 2019 (arkivsaknr. 19/16817). Legg ved dei mest relevante vitnemåla og attestane.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 0313-2019-09-835 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Selvregistrert av arbeidsgiver

Er du opptatt av test og kvalitet? for Forbrukerrådet

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10140417

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Forbrukerrådet
Bransje Maskinteknikk og mekanikk
Yrke Kvalitetskonsulent
Sted Oslo (Postnr: 0152)
Stillingstype Unknown
Krav Høyere utdanning
Søknadsfrist Unknown