Open job position: Lektor (universitet og høyskole) – Høgskulen i Volda

Select rough translation.

This job has Expired

Job Description

Published 16 May 2019 10:41:01
Deadline: 30. mai 2019






Høgskulen i Volda

Joplassvegen 11
6103 VOLDA
Web: http://hivolda.no

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Høgskulelektor/høgskulelærar i kunst og handverk – st. nr. 28/2019

Jobbnorge ID: 170543

Om stillinga


Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for kulturfag, Seksjon for design, kunst og handverk er det ledig eit vikariat i 50 % stilling som høgskulelektor/høgskulelærar i kunst og handverk frå 1.8.2019-31.7.2020, med høve til forlenging.

Kvalifikasjonar


Søkjarane må ha bachelor/master/hovudfag innan fagområdet kunst og handverk, praktisk-pedagogisk utdanning og undervisningserfaring.

Søkjaren må:
  • ha allsidig kunnskap og erfaring innanfor kunst og handverk, særleg innan harde- og plastiske materialar, og digitale verkty.
  • ha pedagogisk og didaktisk kompetanse, samt relevant og fersk undervisningserfaring frå skulefaget Kunst og handverk.
  • vere interessert i å utvikle og formidle faginnhald og rettleie studentar i utviklingsarbeid.
  • vere innovativ og trivast med å tileigne seg ny kunnskap om eit skulefag i stadig fornying.
  • ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • ha evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Personlege eigenskapar vil telje ved vurdering av søkjarane.

Arbeidsfelt


Seksjonen har fått ressursar frå Utdanningsdirektoratet til å by vidareutdanning for lærarar i grunnskulen (KFK). Relevante arbeidsoppgåver for den utlyste stillinga er undervisning og rettleiing i KFK, grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, samt noko undervisning på bachelorutdanninga.

Vi tilbyr


Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 – 619 300/
høgskulelærar 1007 frå kr 456 900 – 597 400.

Generell informasjon


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden


Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
  • vitnemål og attestar, samla i ei fil
  • CV
  • master-/hovudfagsoppgåve og eventuelle andre vitskapelege arbeid

Søknadsfrist: 30. mai 2019

Kontakt


Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for seksjon for Formgiving, kunst og handverk Janne Heggvoll, tlf. 70075262 / 94276996.

Om seksjonen


Seksjon for design, kunst og handverk byd årsstudium og bachelorstudium i kunst og handverk. Seksjonen driv også kunst- og handverksfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanningane, vidareutdanning for lærarar og i praktisk-pedagogisk utdanning.

Om avdelinga


Avdeling for kulturfag tilbyr for tida m.a. bachelorutdanningar i Musikk, Formgiving, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving, Friluftsliv og naturguide, Drama og teater, samt vidareutdanningstilbod innan undervisningsretta fag i skuleverket. Avdelinga har om lag 450 heiltidsstudentar.

Det beste med Volda


Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge

Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be

Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no PAM

Stillingsnummer: 1520-2019-05-35 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak

Høgskulelektor/høgskulelærar i kunst og handverk – st. nr. 28/2019 for Høgskulen i Volda

 

https://tjenester.nav.no/stillinger/stilling?p=0&rpp=20&rv=al&sort=akt&ID=10058450

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen i Volda
Bransje Universitet og høgskole]
Yrke Lektor (universitet og høyskole)
Sted Volda (Postnr: 6103)
Stillingstype Vikar
Krav Høyere utdanning
Søknadsfrist 30. mai 2019

Report an issue or send a feedback

Your feedback helps us improve the quality of cvnorway, many of the improvements made to cvnorway.com are driven by feedback from people like you! In order to continually improve, we want to hear what you love and what's missing in order to make cvnorway.com the best job search portal in europe.

Thanks

Rate your favorite idea!

No Feedback yet, be the first one to submit your idea!
Feedback