Miljøarbeidar Styrk-arbeid – Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste

IT Drift, vedlikehold

(2 weeks ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 15. April 2024
  •  Expire date: 1. May 2024
Job Description

Published 15-04-2024
Deadline: 01-05-2024

 

Miljøarbeidar Styrk-arbeid

I den gamle prestegarden i Volda sentrum har vi samlokalisert lågterskeltilbodet vårt,  Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten. I Styrk Arbeid har vi ledig eit engasjement  som miljøarbeidar i 100% frå 01.06.24 og ut året

Styrk Arbeid er eit arbeidstreningstiltak for unge som av ulike grunnar har droppa ut av utdanning eller jobb. Det leggast til rette for meistring, både praktisk og sosialt, slik at vegen tilbake til utdanning og jobb blir enklare. Deltakaren får tett oppfølging, og kan få hjelp til jobbsøking og evt. praksisplass.

Styrk er organisert under rus- og psykisk helseteneste i Volda kommune. Tenesta som heilheit har 30 årsverk fordelt på fleire tenesteområde, der vi tilbyr individuell oppfølging, døgnteneste til heimebuande og lågterskeltilbod. 

Arbeidsoppgåver

Tenesta har ein fagleg profil vi jobbar ut i frå, der det er stor grad av autonomi og fleksibilitet innanfor dei faglege rammene. Hovudoppgåva i Styrk er å legge til rette for meistring gjennom arbeid. 

Det betyr konkret å:

Organisere arbeidskvardagen til deltakarane saman med dine kollegaer.

Delta i fellesskapet både på jobboppdrag, i lunsjen og på sosiale aktivitetar.

Følgje opp deltakarar som primærkontakt. Det inneber støttesamtaler, karriererettleiing og oppfølging som omhandlar det daglege arbeidet.

Ha kontakt med samarbeidande instansar som f. eks. Nav, spesialisthelsetenesta, fastlege o.l.

Journalføring, registrering og delta på samarbeidsmøter.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer først og fremst ein miljøarbeider med fagbrev innan helsefag eller byggfag (som maling- eller tømrerfaget etc.) Det er ynskjeleg med erfaring frå psykisk helse og/eller rusarbeid. Førarkort klasse B er eit krav og politiattest må leggjast fram. 

Personlege eigenskapar

Du er en person som har interesse for praktisk arbeid og psykisk helsearbeid, har gode relasjonelle ferdigheiter og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du er nysgjerrig, og likar å utforske faget saman med dine kollegar. Du er engasjert, strukturert og systematisk i ditt arbeid. Som miljøarbeidar opptrer du profesjonelt i jobben, er ansvarleg, lojal og har god arbeidsmoral, i tillegg til at du er sjølvstendig og fleksibel. Personleg eignaheit vert avgjerande.

Vi tilbyr

Vi tilbyr ein kreativ og spanande jobb der du får vere med på å utvikle Styrk Arbeid og  tenesta som heilheit. Vi har eit godt arbeidsmiljø prega av variert kunnskap, godt lagarbeid og mykje humor. Du vil oppleve varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling. Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og veiledning. 

Kontaktinformasjon

Malene Rovde, Seksjonsleiar lågterskeltilbod , 90406468, malene.rovde@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Prestegata 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4800746158
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 01.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje IT
Yrke Drift, vedlikehold
Sted VOLDA (Adresse: Prestegata 2 Postnr: 6100)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-06-2024
Søknadsfrist 01-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c37a37fd-267b-4198-9913-4b19241093d0
IMPORTAPI