Job Description

Published 22-04-2024
Deadline: 20-05-2024

 

Rektor ved Høgskulen på Vestlandet

Ledig åremålsstilling som rektor ved Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2025

HVL søkjer ein rektor med sterk motivasjon for å vidareutvikle høgskulen som ein viktig regional, nasjonal og internasjonal kunnskapsaktør. Rektor skal leie arbeidet med å vidareutvikle HVL som ein institusjon med høg kompetanse, der både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, og med ein felles organisasjonskultur der demokrati og medverknad skal vere ein viktig del av identiteten og styreforma.

Strategi 2023-2030 for Høgskulen på Vestlandet legg vekt på at høgskulen skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Vår visjon er «kunnskap som byggjer menneske og samfunn». Samhandling med nærings- og samfunnsliv vil vere avgjerande i arbeidet med å utvikle HVL i tråd med arbeidslivets framtidige kompetansebehov. Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på det grøne skiftet med stikkord som berekraft, velferd og innovasjon, forankra i høgskulens verdiar – inkludere, utfordre og samhandle. Rektor har ei avgjerande rolle i dette arbeidet, og må vere ein synleg representant for høgskulen si sak i det offentlege ordskiftet.

Rektor har ansvaret for å leie den samla faglege og administrative verksemda ved høgskulen, innanfor dei rammene og pålegga som styret fastset. Rektor er ansvarleg overfor, og rapporterer til, høgskulestyret. Dette inneber også funksjonen som sekretær for styret, med ansvar for førebuing av styresaker og iverksetting av styrevedtak.

Vi tilbyr ei spennande leiarstilling for ein organisasjon i utvikling og som også gir høve til å prege ein sektor i endring

Kvalifikasjonskrav:

Vi ønskjer ein rektor som har:

  • Høg vitskapleg kompetanse, helst innanfor eitt av høgskulen sine fagområde
  • Kunnskap om UH-sektoren og forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Solid leiarerfaring frå kunnskapsorganisasjon
  • God kjennskap til dei politiske prosessane som set rammevilkåra for UH-sektoren
  • Gode strategiske evner og eit heilskapleg syn på verksemda
  • God evne til å leie inkluderande strategi- og endringsprosessar
  • God forståing for utvikling av ein fleircampusorganisasjon
  • God økonomiforståing
  • God organisasjonsforståing og evne til å leie utviklinga av administrative og tekniske tenester tilpassa kjerneverksemda
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk eller anna skandinavisk språk, og engelsk

 

I vurderinga vil vi vektleggja følgjande personlege eigenskapar:

  • Ein motiverande og inkluderande leiarstil
  • Utviklingsfokus og strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge relasjonar internt og eksternt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Løn etter avtale innanfor Statens lønsregulativ.
    Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

 

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Rektor blir tilsett på åremål for 4 år frå 1.1.2025.

Stillinga har i utgangspunktet hovudarbeidsstad i Bergen. Tilsetting skjer etter reglane i Universitets- og høgskulelova og Statsansattelova. Vedtak om tilsetting blir gjort av høgskulestyret.

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet orgnr: 874652032
Kort om arbeidsgiver

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studiar, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL sender i løpet av 2024 søknad om å bli eit universitet. Overgangen til eit fullverdig universitet vil styrkje Vestlandet som region. Dette oppnår vi gjennom å utdanne endå meir kompetente studentar, og ved å utføre forsking som er tett knytt til samfunns- og arbeidslivet.

For å nå dette målet har HVL dei siste åra bygd sterkare fagmiljø i heile fagbreidda. Vi har utvikla samanhengen mellom utdanning, forsking og arbeidsliv, vi samarbeider meir internasjonalt og vi har arbeidd med å styrke alle dei fem studiestadane.

Webside http://www.hvl.no
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted BERGEN (Adresse: Inndalsveien 28 Postnr: 5063)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 20-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0564dfd1-99e7-4515-a537-e1169d413540
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/260555