Job Description

Published 18-04-2024
Deadline: 05-05-2024

 

Seksjonsleiar

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane  med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 01.07.2024.

Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse.

Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeider tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift i seksjonen og samarbeid med andre seksjonar
  • Fag-, personal- og resultatansvar
  • Ansvar for ressursstyring, sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen
  • Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar
  • Aktiv deltaking i leiargruppa i klinikken

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ein leiar med sjukepleiefagleg utdanning
  • Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring vert vektlagt
  • Det er ønskjeleg med relevant klinisk erfaring frå fagområdet
  • God datakompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg og tydleg leiar for dine tilsette
  • Du kan motivere og inspirere andre
  • Du kan arbeide i team med ulike profesjonar
  • Du er endringsvillig og handlekraftig
  • Du er nytenkande og løysingsorientert
  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Øyvind Nytun, Klinikksjef, 92807372

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4801357315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974747545
Kort om arbeidsgiver

Vil du
gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til
alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og
nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best
mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men
har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus
finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi
behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!

Vi ønsker
leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande
for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede ann i
utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som
kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å
drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt.
Vi gir
deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling
gjennom leiargruppa di – slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med
dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?


Vi minner
om at du kan få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Vi vurderer ei
slik oppmoding og tar kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til
følgje.

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted VOLDA (Adresse: Kløvertunvegen 1 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0598ffff-233e-433b-8c1d-2f57eb2bac39
IMPORTAPI