Sjukepleiar/spesialsjukepleiar i Akuttmottak/Obs.post – Akuttmottak/Obs.post FSS, Helse Førde
Health and social care Nurse(2 weeks ago)
Job Description
Published 24-04-2024
Deadline: 09-05-2024
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar i Akuttmottak/Obs.post
Akuttmottak/Obs.post ved FSS har ledig 5,5 faste stillingar frå 01.06.2024 og vikariat i 100% stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar frå 01.06.2024-02.03.2025.
Akuttmottak startar opp med ein observasjonspost 01.09.2024. Denne vil ha 6 sengeplassar med forventa liggetid <24 timar. Tilsette må vere førebudd på å jobbe begge stadar.
Akuttmottak er ein hektisk og spennande arbeidsplass. Avdelinga tek imot øyeblikkeleg hjelp pasientar til innlegging (omlag 25 i døgnet), og pasientar som skal til poliklinikk på kveld, natt og helg. Det er ønskjeleg med sjukepleiarar med erfaring minimum 2 års erfaring, frå Akuttmottak eller sengepostar. Ein må ha evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.
Ved intern tilsetting kan det bli ledig vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og triagering av pasientar
- Måling av vitale parameter, observasjon og behandling av alle typar pasientar, både vaksne og barn. Bruk av eige triage system
- Innlegging av venekanylar, urinvegskateter, EKG, taking av art. blodgass og analysering av dette, assistere legar ved ulike prosedyrar
- Bruk av medisinsk teknisk utstyr som scoopovervaking, EKG-apparat, blærescanner, sprøytepumper og infusjonspumper
- Observasjon av pasienter på obs. post
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå akuttmottak er ønskjeleg, men ikkje nødvendig
- Gode datakunnskapar
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
- Det er i tillegg ønskjeleg at ein kan uttrykke seg munnleg på engelsk og gjerne andre språk.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Entusiastisk
- Må ha høg arbeidsmoral
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre
opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa
i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Kontaktinformasjon
Tom Ole Dyrstad, Seksjonsleiar, +47 57839008
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 4805079352
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 09.05.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Akuttmottak/Obs.post FSS, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-05-2024 |