Universitetslektor i norsk som andrespråk – Universitetet i Bergen

Education University and Collage

(2 weeks ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 16. April 2024
  •  Expire date: 12. May 2024
Job Description

Published 16-04-2024
Deadline: 12-05-2024

 

Universitetslektor i norsk som andrespråk

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i norsk som andrespråk

Velkomen som søkjar til eit ledig vikariat i norsk som andrespråk i 50 % stilling frå 01.08.2024 til 30.06.2025 ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Universitetslektoren skal undervise i norsk som andrespråk, hovudsakleg på årsstudium/bachelornivå.

LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.

Stillingsomtale:

Den som tek stillinga, skal bidra med undervisning i norsk som andrespråk på det ordinære  campusstudiet og på det nettbaserte studiet Prisme. I porteføljen inngår fleire emne som gir innsikt i ulike sider ved det å tileigne seg norsk som andrespråk. Til stillinga ligg det også vurdering av obligatoriske arbeidskrav og eksamensarbeid.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett, må ha:

  • Norsk mastergrad i nordisk språkvitskap eller tilsvarande utdanning. Søkjarar som har skrive masteroppgåve innanfor fagfeltet norsk som andrespråk, vil bli prioriterte.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning eller røynsle med undervising og rettleiing.
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter (tilsvarande morsmålsnivå) i norsk, samt meistre båe målformer (bokmål og nynorsk).

Det er ein føremon med:

  • Relevant fagleg profil i høve til dei aktuelle undervisningsemna.
  • Undervisningspraksis frå studiefaget norsk som andrespråk på høgskule- og universitetsnivå, gjerne i form av både fysisk og digital undervisning.

Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner blir difor tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn etter lønssteg 60-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 584 500 – 635 400 kroner årleg i full stilling før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenka på denne sida ”SØK STILLINGA”.

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • Søknadsbrev.
  • CV.
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon eller stadfeste kopiar).
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk erfaring), undervisningsopplegg og/eller evalueringar.
  • Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar, med lenker til fulltekst.

Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

NB: Søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvar for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder, professor Anders Fagerjord på telefon: 55 58 36 53, eller e-post: anders.fagerjord@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Sydnesplass 7 Postnr: 5020)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-05-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2a95a8c6-1989-44cb-afc7-3a3cb2737765
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/261641